Saltvatnståke, varmt blod og duggblomar
det er noko eige over lukta av kjølig saltvatnståke. Å ikkje sjå meir enn ti meter
framfor ein, til landet opnar seg framfor deg
ei øy der skodda badar blomeenger i dugg, med ti fastbuande pensjonistar
og ingen brunsneglar eller bilar. 
å segle til andre øyer, ta helsa med heilt til toppen og vera i eitt med det
opne havet ein ser bølgjer seg rett nedanfor
for den var her igjen, sumaren der ein berre er, utan minutt, timar og dagar. 
og det einaste ein treng gjere er å sjå på havet i timesvis, smile til niser som
dukkar opp innimellom og delfinleikar rundt båten, få saltvatnssprut i håret
av havdønningar, konsentrere seg om smerten som vert mindre, og hjartet
du stadig får til å banke i saktare rytme mens du ser for deg vegen varmt blod
tar frå hjartekammer til hjartekammer , til det til slutt har vore igjennom alle fire.
for tåkebading vert til solbading. Nordover nordover nordover. Heilt til halve
båten reiser heim, eg ein av halvdelen, for å pakke ned leiligheiten eg berre
har få dagar igjen i. 
Josefine
11.jun.2011 kl.12:30
Maren
11.jun.2011 kl.12:57
Aslaug
11.jun.2011 kl.12:59
kjersti
11.jun.2011 kl.13:23
June
11.jun.2011 kl.13:51
Synne
11.jun.2011 kl.15:13
Nina C.
11.jun.2011 kl.17:03
bangyourhead
11.jun.2011 kl.22:11
Mari
11.jun.2011 kl.23:13
My Rakel
13.jun.2011 kl.13:46