Å byrje på universitetet

Myggar med seks hjarter, sneglar med blått blod, kompendium, kjemiske formlar,
reagensrør, glasmaneter, kreftceller, pluoride stamceller, hjerner mjuke som smør,
glade likningar, hammerhaiens evolusjon, elektroner, naturlover, blomsteersex og
fabelaktige interesserte menneske. Eg byrja på universitetet i dag eg, med 6 timar
matematikkforelesing og oppgåverekning i strekk. Eg elskar det! 

Hei framtida! Endeleg!




Tropedagar med skulesekk på

Tropevarme netter, stovemøblering og superoverraskingar. Helsa er skral,
men leiligheita er nesten heilt ferdig innflyttningsrydda og Bergen har aldri
vore varmare. Etter å ha fått verdas finaste oransje innflyttningsgåve fann eg
endå ei overrasking i kjærasteleiligheita då eg var innom og sneik internett,
ettersom nettet i leiligheita ikkje er oppe og går før om nokre dagar. Verdas
vakraste "begynne på universitetet"-sekk frå 50-talet, med perfekt plass til den
nye datamaskina mi i, åh. For tida går eg ingen stad utan den



Før legetimen var eg ein snartur innom Fretex, der eg overraska fann eitt sett med
to settebord, akkurat i størrelsen eg har leita etter, så no finst der endeleg stovebord
i leiligheita til å setje rundstykkekveldsen på (275 kroner for berre to)



og ei glad kirsebærskål frå åttitalet som fekk lov å flytte inn til kirsebærfamilien hos
meg for fem kroner. Mens eg venta på at tida skulle gå raskare var den fin å balanse-
nakke med.




blåbær og sussosaurusar

klamme, overskya duggsumarsdagar vart blåfingra med støvlar på



bolleblåbærplukking



med skillingsbollenistepakke, det gule syttitalsplukkespannet mitt som vart fullt
ganske fort og gul familieregnjakke frå syttitalet med spritusjetternamnet mitt i



og sussosaurus som for tida sitt på fingen min var med, wrahæ blåbærsulten



og sussosaurusar er overraskande flinke til å plukke blåbær, så han lagra litt til
vinteren og litt til kvelds, han også, og la nokon inni munnen til Pil



kopp etter kopp vart blåbærblå og fylt i gulespannet



og til slutt klirra heim gjennom skogen igjen, renska, fem liter fryst ned, til kalde,
mørke vinterstimar med varmt nyrørt blåbærsyltetøy på heimebakte rundstykker,
og resten vart middnattsblåbærkvelds i tekoppar ved stille mørkeblått hav utanfor
naustglasdøra.



mens ein fulgte med på pusten til sovande svalar

Evigvarande sumarsdagar

10 dagar som hjartet ville skulle vare for alltid er plutseleg fortid. Seks vekers
ventetid er som halve evigheita, til han kjem tilbake igjen, kjærasten, men tida 
går nok fort som ingenting.



Solvarm terasse med heimelaga lemonade, blåbærkyss i skogen, leggar fulle i
myggstikk, sovande svalar under nausttaket, latter, skumlepusar, å kysse under
vatn, å kysse saltvatnshud på land, hemmelege superoverraskingar, terrortunge
hjarter, blåklokker ved fyrtårnet og babyfroskar litt småskremt av dinosaurringen
min. Gul regnjakke, pinupbadedrakt og påhengsmotor. Det vart plutseleg sumar
å ordentleg,med Pil.



Sumar på ordentleg, med morellslang på offentlege trær med tre-meter-høge meg
sitjande på Pil sine skuldre og le gå til venstre, gå til høgre, hundreogåttigrader
rundt og gå rett fram, mens eg samla moreller i kjoleskjørtet som raudprikka seg
til det var blottande fullt. Flyttekassar nesten ferdigutpakka på femtitalsloftet, å
bære opp den gratis sekstitalssofaen, feire systers hurrabursdag og til slutt klemme
halvt i hjel hade før Tysklandsflyet flaug sin veg. Tomat- og chilisuppe i kirsebær-
koppar med skei i og berre fem dagar til eg byrjar på universitetet. Skulestartspakke,
internettsniking under takvindauget i kjærasteleiligheita og mjølkesjokolade. Verda
snurrar litt rundt for tida. Positivt svimleri.

Snart

Snart hentar eg ein mørkeblå femtitalssofa gratis og fabelaktig

Snart sit han ikkje lengre under eitt morelltre i Tyskland med kaffikopp oppå
kodearka slik at dei ikkje bles med vinden, ein fyllpenn med blekkhus til som
han snirklar koder med, ein gamal kikkert og eitt lurt smil mens han sender
kvarkar fullfart gjennom bigbang-tunnelar under bakken til doktorgraden sin,
men under takvindauget i Bergen.

Snart, vaskar eg ned eitt femtitalsloft, et mørk cookies frå den nye nærbutikken
til lunsj i grønnsåpelukt, bærer flyttekassane opp alle trappene, byggjer papp-
kassemenn etterkvart som eg tømmer dei og klatrer ut av kjøkkenvindauget
fordi å skjekke ut det eg så lenge har vore så spent på, om det er fri veg til taket,
som gjer meg fri mot havet.

Snart, byrjar eg så etterlengta endeleg på universitetet. Fint er det å tenkje på
at dei neste 7-8 åra mine berre vert å sluke interessa mi, bu rundt om kring i
verda for å studere det eg elskar mest på nært hold, og berre ha det fint og få
lese ubegrensa i bøker som får meg til å smile

Snart, vert eg kjent med veldig mange nye glade hurramennesker

Snart, sit eg på båten til Stavanger fordi eg kan hoppe på den ein kvardag når
som helst, til oldemorhuset, oldemorhagen, tekoppar, badekar og gode stunder.

Snart er helsa betre

Sogn (klapp klapp) og (klapp) Fjordane

Tidleg torsdags morgon hoppa eg plutseleg på hurtigbåten med ei bok som gjorde
at veska ikkje kunne lukkast, iPoden og ein hemmeleg gulrulla mjølkesjokolade.

og gjekk av ein eller annan stad i kleinaste Sogn og Fjordane



Dei fire siste dagane har eg gjort hærleg nok nesten ingenting. Vore innom nokon
finurlege stader, kjøpt meg ei ny gul skål til femtitalsloftet på ein liten bruktbutikk



slappa av



Ete ein god del solvarme jordbær



lest mykje syttitalsbiologi saman med maurene og bladlusene i hagen



funne draumebilen, endeleg i riktig farge



og for det meste vore akkurat her, mens eg åt verdas beste grove blåbærscones,
sorterte tankane og skreiv ned alt som skrivast ned skal

Varm lakris og vintagekjolesortering

Varm lakris, anis og honning i kvit, tynn keramikkopp. Å fylle eitt raud-
blomete lite vintageputetrekk frå syttitalet med bamseinvollar og sy igjen.
Opne skapdørene på rommet berre for å liggje å sjå inn. Begynt å sortere
ut klede, vintageklede som ikkje vert tatt ut ofte nok frå regnbogen i skapet
mitt, og hengt dei over stolskuldera. Dei vert nok ikkje med på flyttelasset,
dei kleda eg ikkje går ofte nok i, dei fortjener ein betre eigar, der dei vert tatt
med ut på eventyr så ofte som mogleg, og kanskje den eigaren er deg? Eg
kan leggje ut noko av det for salg i morgon, om de vil?



(eitt utsnitt av kleda ligg i facebookgruppa)

Den nye byrjinga

Det er fyrst når eg ligg i ein dynehaug i kviterommet og ser på kvite svanar
snurre svakt i trekkvind i taket at eg innser at det er over. Året. At det ikkje
er meir, av det året eg grua meg aller mest til. Den nye byrjinga er her
snart. Lyset i enden eg har lengta etter kjem snart, og det er opp til meg,
no, å endre, komme seg, klare og kjempe alt eg kan for at året skal bli fint.
Gjere det til verkelegheita eg ynskjer. Å ha overskot og handlingsevne til
å gjere noko med alt som vart nedbrutt. Finne energien igjen til å arbeide
med smertene. Plastikken rundt hjartet. Sjølvbilete. Dei dagane ein vert
liggjande og kjenner at i dag klarar eg ikkje. Eg er for svak i dag, til å gå
ut og møte verkelegheita. Den isolerte verda, som til slutt gjer ein redd
mennesker. Å ta avstand. Å ikkje strekke til. Å måtte vera der ein berre
vert nedtrykt, veke etter veke. Å klare å ignorere i byrjinga, ikkje tenke
over, til ein til slutt ikkje held ut meir og tar inn alt, på ein gong.
Det er over.

Eg veit at det er eg åleine som kan endre verda mi. Finne styrken som bryt
igjennom det håplause. Styrken ein ikkje har klart å finne, fordi ein vert så
handlingslamma av det heile. Byggje opp igjen, bit for bit av det som var.
Slutte å seie at det ordnar seg til våren, men ordne det i dag. Finne tilbake
til den ein var. Det energirike, fargerike, sosiale. Finne livsgleda igjen. For
når alt endeleg er over, finst det fnugg av overskot som kan utføre tiltakene
som skal til. Snart kjem lyset.

Stille blåbæreng

Verda luktar av vått gras. Eg rakk berre ein halv dag med blåbærplukking i den
vakre, gode einsemda før eg vart liggjande influensasjuk, i kvar vår fotende,
mamma og eg, med kakao med krem som ikkje smakar noko.

Å puste heilt stille. Draumer meg tilbake til skogen. Å vera heilt heilt åleine og
berre plukke meg heilt blå på fingrane og litt i munnvikane. Dei timane eg låg i
smerter i teltet etter hærlege varme Københavndagar med 1/2 kg moreller til
frukost, flotte konsertopplevingar og bikiniskille var det tre ting eg draumde
meg heim til når det var den andre sida av verkelegheita sin tur. Å vera heilt
heilt åleine i skogen. Varmt smertestillande badekar. Å bli blåbærblå på
fingrane, plukke opp blåbæra og leggje ned tankane.

Eitt par desiliter rakk eg, før eg vart liggjande



desse dagane gjer eg for det meste ingenting. Ligg under dyna, sorterer i skapet,
presser eitt par firkløvere eg kan sende i posten og drikk cola gjennom gult sugerør.



og lengtar etter skogen, mannen, og den hemmelege blåbærenga mi.




Hei Roskilde!

Plutseleg kjem sumaren. Ni dagar i telt, sval sumarvind, vill undertøysshopping,
verdas minste cafè, enorme mengder hylleblomsaft, moreller til frukost, ordlaust
bra konsertopplevingar, utslitte sko, sand klistra på solkremhud, Thea og eg i
bobleverda. Varmt morgontelt, smilande danskar, sumarvintagekjolar, solbrille-
skille og titusen hylleblom-is.


                                                                                                                     Roskilde 2010

Den raudaste blåsbortmorellen i hagen

Då eg kom heim igjen til øysamfunnet fann eg ein hurrapakke i posten frå USA



mitt aller fyrste bruktkjøp på nett, magisk nok.



og for sytti kroner for second-hand badedrakta og tredve kroner i frakt kom den i
postkassa ei veke etter eg hadde trykt på etsy-kjøp-knappen.



og med marchmellows i hovudet og augnestikkarar i magen prøvde eg den uten å vite
om den ville passe, men hurra hurra det gjorde den! Prikkar seg, med dobbelstroppar,
snører seg i sløyfering i fronten og får åttitalsshape om eg snører inn sidene. Beiwatsj



og mens morellene framleis er grøne



vert eg det raudaste bæret i blåsborthagen vår

Akvariulurum

Kule kids har årskort på akvariet



for å studere, holde på, smile til og lese pensum saman med vakringar



og eg har fått hard konkurranse frå dyreverda



for med verdas søtaste smiskefjes



vil dei berre kose Pil heile tida



kviskre røyndomar og smiske



og klistre seg inntil vindauget med ein gong han er i nærleiken



meg luffar dei berre innom av og til



(mest for å skjekke om Pil er tilstades, men eg latar som om det er på grunn
av meg, haha)

Sydde pin-up shortsar og hemmelege LPar

Å komme ut av bobleverda. Finne ein gjøymd Andrews Sisters LP på rommet
som vert snurra når ting vert putta i kassar og drikke hemmeleg flyttehylleblom-
saft funnen i kjøleskapet. Så merkeleg å vera tilbake i verkelegheita igjen. At
Tyskland er Tyskland igjen og Noreg er Noreg, i den solvarme formiddagen
der eg kan vandre i den raude shortsen eg sydde forrige veke og la vindauga
gape før regnet kjem. Den siste dagen i bakgården.

Rørstolraudsmilande

med telt på ryggen, stor regnvåt paraply og veske fylt med bøker, knuseting
og matvarer måtte eg berre innom Fretex når eg vandra forbi



og sjølvsagt då, finn ein den. Draumestolen til tohundre kroner. Rørstol-
raudsmilande og perfekt. Så mange vintagerørstolar eg har har sett på,
gått forbi og ikkje tatt med, men denne kunne endeleg få lov å bli med



Ho er perfekt. Innpakka i raud plast bar eg ho på magen, teltet på ryggen, den
tunge handleveska på den eine sida og balanderte paraplykroken på den andre
og vandra heim under tunge regndråpar, lukkeleg og sliten uten pustepause



Ho har fått såpeskumklut, er nybada og rein og me fargar opp eitt ellers ganske
for tida kvitt rom saman, ho i femtitalsraudt og eg i sekstitals vintage mod oransje
og rosa, i grønnsåpe- og skillingsbollelukt. Ho vert med på flyttelasset, og vert
universitetslesestolen min til hausten, det vert fabelaktig

Sitronauge & spankulering

eitt skyelokk overoppheita Bergensgatene



og me vart sitjande utenfor det som snart vert den nye nærcafèen



spankulerte rundt og utforska vårt nye nærområde, med fruktige kirsebærtre,
ei lita bru over ei fontene-elv, brusteinsgatestein og små, merkelege butikkar



utanfor døra vår fekk me møte naboen, ein katt som frå no av heiter Sitronauge



og sidan kattefobi-eg samlar på Marte-tar-på-kattar-bilete for tida for å smiske
med kjærleiken (haha), så satt eg meg ned



så tok eg på den (!)



og no klør eg i augene og er rar i halsen, haha. Men det gjer ikkje noko, for
det landar eitt fly i morgon, og vår nye inngangsdør er snart nummer tjue.

Heimen som vart pakka bort

plutseleg står det meste som finst i skuffer og skap i tulipangata i brune
kassar som fyller opp stova. Det symjer ikkje lengre kvalar over veggen



og våre 75 kvadrat vert til kvite, tomme rom igjen



speglbordet som bestemor kjøpte rett etter ho og bestefar gifta seg på
sekstitalet har ikkje lenger noko i skuffene sine.



dukar, vintagegardiner, polaroidkamera og kjolar har blitt sortert i vintagekoffertar.
Ei mørkeblå vintage koffertveske funnen på Fretex, den raude var mitt fyrste kjøp
etter at eg byrja å jobbe på Fretex i 2007 (eg såg på den ei heil veke, og laurdagen
kjøpte eg den for ein femtilapp, for då var det meininga at den skulle bli min), den
vesle, kvite norskproduserte vintagekofferten som rundar seg i kantane venta ein
månad i utstillingsvindu på meg på Fretex Tønsberg i 2007, den store blå er ein
gåve frå mammo mi, frå Fretex Lagunen. Den kvite har vore aktiv i eitt Bergensk
reisebyrå på sekstitalet (loppis), og den svartrutete var tippoldefaren min sin
Amerikakoffert. Ein norskprodusert Viking.



Det kvitrar ikkje lengre fuglar i det kvite treet som eg har hugga sjølv i øysamfunnet.



og LP-spelaren pappa kjøpte for sin fyrste studielånutbetaling snurrar snart
ikkje tonar inn i tulipangateveggane.



skrivemaskina er i dvale i vintagekofferten sin, og plingar ikkje lengre når den
har skrive ut linja



og veggane blomar seg ikkje, speglar seg ikkje lengre



momsaren heng ikkje høgt, men ligg inntulla i avispapir



og alle tekstilar er gjøymd i den store vintagekofferten etter oldemor

om nokre dagar heng det ikkje vintagekjolar bak skapdørene, eller kviskrande
augustkoppar på kjøkkenet



det er ikkje lengre blomar på stovebordet, og lysestakane mine vert resirkulert



plutseleg skal ein ikkje sitje i verdas beste vintagesofa på ei stund



så rart det vert, å gå forbi det raudaste huset i Bergens Paris, Møhlenpris,
utan å bu der. Så fabelaktig det samtidig blir, å flytte inn på eitt femtitalsloft
den fyrste august, med hemmeleg trappegang og bakgård i. Åh





Surrsmilande pinse

Det er tomme skuffer og skap i leiligheita. Veggane er nesten kvite, men møblane
er igjen. Verda er berre meg, symaskina og eitt stort, kvitt rom fram til fredag.
I går kveld sydde eg meg ein raud pin-up shorts. Det endte i at eg brukte heile
kvelden på å leite etter den åttande og siste kvite knappen, enno er den ikkje
funnen, og eg forundrer meg stadig over korleis ein kvit knapp kan forsvinne i
ein nesten heilt tom leiligheit. Til slutt øydela eg ein knappeøyredobb eg har
laga som er knappelik, og festa den på, så får heller knappen på eventyr bli
til øyredobb den gongen den velgjer å vende heim igjen.



Eg reparerte også ferdig ein utslitt vintageblomekjole eg fann på Fretex ei stund
tilbake. Revna sømmar, ingen knappar, avrivne lommer og hol i stoffet, men no
er ho sydd inn, opp, på med lommer og på med knappar og av med hullete
lengde.



for fyrste gong på lenge nyt eg verkeleg å vera åleine. Nyt at det er sjølvvalgt,
og ikkje fordi smertene er for store. Så godt å ha helse, men samtidig få lov
til å gjere ingenting. Eg og blomekjolen pakka piknikkorga med vatn, bøker,
teppe, gaffel og ananas på boks



og sykla bort til solbada Nygårdspark for å lese, smile, tenke på kor bra eg
kjem til å ha det i helga, og fange vitaminer med huden min. Etter eg sykla
heim for middag, vandra eg i femti minutt, til eg stod utanfor døra til Åse Marie
og vart liggjande i tepper på nyklipt plen, med peppermynte-te i kvalkoppen 
og var smilande sjukebesøk.




Sandras hage

Kven plantar ein rhododendronhage på ei forblåst, knausete, lita norsk øy



der nordavinden bles kaldt, så langt vest ein kjem mot rått, vilt norskehav?



Sandra gjer



og i Sandras hage bur der vakringar, som ikkje hadde flaksa rundt på ei
norsk forblåst havøy, utan rhdodendron

Saltvatnståke, varmt blod og duggblomar

det er noko eige over lukta av kjølig saltvatnståke. Å ikkje sjå meir enn ti meter
framfor ein, til landet opnar seg framfor deg



ei øy der skodda badar blomeenger i dugg, med ti fastbuande pensjonistar
og ingen brunsneglar eller bilar.



å segle til andre øyer, ta helsa med heilt til toppen og vera i eitt med det
opne havet ein ser bølgjer seg rett nedanfor



for den var her igjen, sumaren der ein berre er, utan minutt, timar og dagar.



og det einaste ein treng gjere er å sjå på havet i timesvis, smile til niser som
dukkar opp innimellom og delfinleikar rundt båten, få saltvatnssprut i håret
av havdønningar, konsentrere seg om smerten som vert mindre, og hjartet
du stadig får til å banke i saktare rytme mens du ser for deg vegen varmt blod
tar frå hjartekammer til hjartekammer , til det til slutt har vore igjennom alle fire.



for tåkebading vert til solbading. Nordover nordover nordover. Heilt til halve
båten reiser heim, eg ein av halvdelen, for å pakke ned leiligheiten eg berre
har få dagar igjen i.

Salt sumarvind

Då seglar me inn i sumaren. Litteratur, seglvind, salt sjø, blafrande kjolekantar,
gyngande kvile, latter og salte kjeks. Eg kjem på land igjen om nokre dagar.

Raud sekstitalskjærleik



Tusen hjartleg takk loppis i Hardanger, for raud vintage sekstitalskjærleik
som flyttar inn med oss i nyeleiligheita




Svale sumartimar med Pi

det gjer ikkje noko at verda ikkje luktar av saltvatn og varm vestavind når
den kan lukte av varmt gras, drivhusdugg og biblioteksbøker.



eg har begynt på boka eg lånte berre fordi den handla om Pi og hadde tiger
utanpå i reint sakn, men fy svarte den er bra, nesten like bra som Pil.



og dagen smakar feriekolsyre, salat med eplebitar i og grillmat



Eg kvilar og les i graset i hagen, i den stropplause solebikinioverdelen eg
sydde for nokre veker sidan, av stoffet frå ein singlet kjøpt i New York når
Spice Girls herja verda. Den har knytt seg framme



snurrar på sidene



og gjer at dei svake bikini-stroppeskillene frå California og Nygårdsparken 
forsvinn, på ein plen i solbadande sumarhage.




Gule sumarstimar

Sumaren er gul, i gul vintage Figgjo-bikini som kvitprikkar seg, norskprodusert
på sekstitalet av ei smilande symaskinkvinne.



Eitt stykke gult vintage i crimplene frå syttitalet, som fotsid bles meg om anklane

 

Gule second-hand solbriller som forsterkar fargane og kontrastane når ein ser
gjennom dei. Irrgrønne plenar, krittkvite smil, solbrun hud og sjokkblå himmel



ei gulsmilande vintage slekstregnjakke som har etternamnet mitt med spritusj inni,
til fisketurar, berføtturar i drivhuset, sykkelturar og blåbærplukking i skogen



og ei gulprikka vintageregnkåpe frå sekstitalets Paris til Bergensregndagar med
kafèbesøk og paraply i.



Vintage gulruta swingkjole sydd i norske, glade femtitalsdagar til å springe berrføtt
i, snurre i nattestimar og smile i bursdagsbesøk i.



og snurre den gule sumarmusikken

Den fyrste sumardagen

Under tunge, våte regndråpar ligg den fyrste sumarsdagen. Gapande, gule,
vatnfulle tulipanar slått skeive, grasdammar, brusteinsgateelver og menneske
som gir kontrollen over til den vrangvrengte paraplyen. For siste gong innom
skulebygninga som eg seint i fjor fant ut at faktisk var grønn, med forsøks-
innleveringar, mikroskopavklaringar og skisser av overcellene mine som
liknar på blåkvalar med cellekjerneauge. Bybanen med mjølkesjokoladefeiring
i lomma, vera ein time på biblioteket i lukkerus over å ha samvit til å lese noko
anna enn realfagsbøker igjen. Med fullstappa bokveske til Fretex, der eg fann
eitt stykke norsk sekstitalskjærleik.



"Kvinnens verden - hennes egen bok", utgitt i 1960. For dei som har vore
i utopiet ei stund ser nok på tittelen at dette er litt stort. Interessa mi for
kvinnerolle, kvinnekamp og sekstitalssyn samla i ei bok.



(og eg har allereie slukt store delar av den)



Kunnskap for kvinner om kvinner, ikkje eitt tilbakeblikk, men skriven i
sekstitalets notid, til nytte, kunnskap, glede og inspirasjon.



Den samlar framgangskvinna. Dagens (1960) moderne kvinnes rolle i blant
anna luftfarten, malerkunsten, moten, musikken, organisasjoner, operasjoner,
politikken, religionen, seksuallivet, skilsmisse, helsestell, stortinget, sykdommer,
tekstiler, teateret, økonomi i husholdet, yrkeslivet og regjerende kvinner.



Om nervesystemet, overgangsalderen, prostitusjon, pastisk kirurgi, ufruktbarhet,
keisersnitt, sykdommer, svangerskap, seksualitet, skjønnhetspleie og skilsmisse



og om kvinner i 1960, i alle land, i Romania, Sovjet-samveldet, Storbritannia,
Spania, Sverige, Sveits, Ungarn, Tyrkia, Tyskland, Østerrike, Mexico, New
Zealand, Nord-Afrika, Pakistan, Polen, Peru og så mange fleire. Om kvinner
som samer og sigøynere. Med fotografi på kvar ei side, åh. åh. åh.




Crimplene belugavårjakke

For eitt par veker sidan kjøpte eg eitt stort stykke himmelblått vintage
crimplenestoff frå sekstitalet på Fretex for ein tjuekroning.



det vart om til ei lenge etterlengta sumarkåpe



med kvite crimplenekragekantar



og kvite, runde knappar som minnar om syttendemaiskyene utenfor takvindauget



Den er fôra med viscose, slik at den vert perfekt varm og litt vindtett



og gjøymd i ryggen


                                                                                                                                         Foto: Thea

symjer ein beluga i kvit, mjuk viscosesjø. Sydd med berre ein tråd rundt og
rundt på maskin (og eg jubla litt over at det såg ut som ein beluga, og ikkje
berre ein tjukk sel)



og forteljer kven ein skal levere den til, om eg mister den eingong.




Loppas Gjenbruk

Hurra for at Os har fått sin fyrste second-hand butikk! Rett med brua i sentrum
til og med.



På Loppas finst Figgjo, Egersund og anna Norskekjærleik til 5 kroner koppen,
10 kroner skåla og 15 kroner fatet.



fine klede og heite menn



kaffeservise som minnar meg om oldemortekoppane



fotokjærleik, strikkeoppskrifter, klede, blomepotter, smykker og heimelaga kort



og ein glad knølkval som vart med heim for ein tikroning.

og kjærleiken sjølv

Gul pappeske og hemmelege dører

Ein smilande gul pakke i posten fylt med tysk kjærleik, sumar i magen, og ei
ferdigsydd crimplenekåpe lik himmelen utanfor mai-takvindauget. Å få vite
at eg neste veke skriv under på ein kontrakt som gjer det heilt sikkert at eg
flyttar inn på eitt femtitalsloft med hemmeleg dør til blå snurretrapp innanfor
i august. Å ha eigne celler som oppgåve, og finne ut at mine liknar på små
blåkvalar med cellekjerne-auge. Å berre vente og lengte

Grønne stakittgjerder og skumlepusar

På søndag såg eg inn knuste vindauge, trassa kattefobien og klappa ein katt (!), 
opna bildører, opna perlekjede og highwaista meg for Mariel på NKF. Det var
sjåande litt slik ut

T9_18 copy
                                                                                                                                  Foto: Mariel Lødum

Syndande seglarbadedrakt

Å snurre The Andrews Sisters LPen eg fann på loppemarknad for to helger
sidan, sy på jakkeknappar på ei himmelblå heimesydd crimplenekåpe med
belugarygg og hoppe rundt i min nye badedraktsynd. Med lovnad om at når
eg har to, må eg symje dobbelt så mykje, både i salt sumarsjø, i haust-student-
basseng og over korallrev når eg flytter til varmare tropestrøk.





lovar




Søtespinkel

Eg gjekk rundt og bar på ho på Fretex  i ein halv time og nekta å setje ho ned



og fortalte Thea at ho hadde fortalt meg at ho gret om natta i den mørke butikken
fordi ho var åleine, ho er jo tross alt berre ein baby. Til slutt måtte eg forlate ho,
gjøyme ho litt ekstra godt under eitt anna kjempebord, og bruke pengane som
eg eigentleg ville bruke på søtespinkel på middag.



men så drøymde eg skumle ting om babybordet, og at ho gret, så neste morgon
måtte eg og Thea ned på Fretex med hjartet i halsen og sjå om ho framleis var
der. Eg fann henne ved sidan av skumlesofaen, og bar ho lukkeleg som ein
gravidmage heim. Akkurat kvar ho skal stå og brukast til veit eg ikkje enno:



men det gjer ikkje noko. I augneblinken er ho svanesjø til svanehekleduken



og dei ser ut til å trives


                                                                                                    vintage settebord / 100 kr Fretex

Belugafødsel

I går fann eg ut at eg ikkje har noko vårkåpe. Det kunne eitt himmelblått vintage
crimplenestoff eg fann på fretex til 19 kroner for ei stund sidan gjere noko med.



(og så smelta eg smør og bakte ein einsam-brownies)


I dag fekk kåpa kvitt viscosefôr.



og eg kjøpte meg ei korg jordbær for at eg skulle vera flink biologi-lesar.



men det vart biologi-sying i staden, og ein belugafødsel i jakkefôret sydd med maskin




Kjempebarbie Gudrun Tanja

For 2-3 veker sidan flytta det inn ei ny ei i leiligheita vår. For tida går ho under
namnet Kjempebarbie eller Gudrun Tanja, og ho er heilt rå på stirrekonkurranse.



Ho har lange lausvipper, perfekt høyde, er perfekt sumarsolbrun, leggar som
konstant ser nylonstrømpebuksefine ut , dådyrauge og ein totalt overlegen
holdning.



har hender som kan kvile på hofta eller holde nugattiboksen eg og Thea kjøpte 
for pantepengane då me skulle vera fantete, høgt høgt opp i lufta og leike frihets
gudinna med den.  



Ho er litt bitch, eigentleg. Litt skummel å sove ved sidan av, men glad i ho, det er eg.




Pil med jordbær og glitter i

Å ta ein pustepause frå verda. Ha glitterneglelakk, glittersko, glitteraugneskugge
og glittering med velourkjole til for Grand Prix, og bake nattsjokoladekake med
is til. Å ligge heile dagar og berre sjå etter fuglar, gassballongar og figurskyer
ut av takvindauget. Ta på seg hardangerbunaden og feire 17 mai med jordbær-
og melonfrukost, studere ei eplekake bli bakt med kjærleik og drikke verdas
beste heimelaga lemonade. Å sende pil og bue til kvarkane. Og der stoppa
verda litt.




Amfibium og fem hjarter

Sneglar med blått blod, myggar med fem hjarter og frittflytande blod i vevsvæske



berre ein nådelaus ballerinakjeks igjen

Skosløyfekjærleik til salgs!

Skosløyfekjærleikar er tvillingar, ikkje einegga, men nesten nesten like. 
På baksida har dei skoklips. Ei solid klipsklemme til å klappe over skinn-
kantar på sko, med bitetenner på undersida slik at dei held seg godt fast
heile dagen. Dei er eitt lite håp om evigvarande seinvår, seinvår som
luktar av varmt gras og solkrem, med berføtte bein i pumps, Mary Janes
og sandalar, og håpar dei alltid får bli med. Under ligg 11 par spente
nyfødde tvillingsløyfebabyar og ventar berre på å få oppleve seinvåren
og resten av den vakre verkelegheita, saman med deg.

----------------------------------------------------------------------------------------------

Fine grunner til å kjøpe sløyfene mine
dei er sydd av gamle restetekstilar / second-hand tekstilar og
vintagetekstilar (eit miljøhurra!)
du veit kven som har sydd dei (frivillig, ikkje på tvang). Eg, i det
raudaste huset i Bergens Paris, Møhlenpris
dei er sydd med og av kjærleik
dei er pakka inn i miljøvennleg cellofan, som raskt vert til jord
når du puttar den i komposten.
alle er unike. Du får noko ingen andre har frå før av
dei er godt håndtverk, og av god kvalitet 
du støttar ein fattig Marte-student, som ikkje kan ha fast jobb enno
det er kjekt å få pakke i posten
Verda rundt deg vert glad når du går med sløyfe
og viktigast av alt: du vert glad av å gå med sløyfe!


----------------------------------------------------------------------------------------------------

For å kjøpe sløyfekjærleik:
Send mail til martotopia@gmail.com med namnet på sløyfa + adressa di!
Då vil du få eit kontonummer å overføre betalinga til, så sender eg sløyfa
dagen etter betalinga er overført (:

----------------------------------------------------------------------------------------------------

Namn: Plumeria & Plumeria rubra
Om: sydd av eit gult restestoff etter Daisy-kjolen
Type: 2 Skoklemmer
Pris: 200 kroner + frakt (14 kroner)



----------------------------------------------------------------------------------------------------

Namn: Blåstjerne & Scilla
Om: sydd av eit blått vintagestoff frå oldemorkofferten
Type: 2 Skoklemmer
Pris: 200 kroner + frakt (14 kroner)



--------------------------------------------------------------------------------------------------------

Namn: Tuberose & Polyanthes tuberosa
Om: sydd av eit blomete vintagestoff mormor hadde på sekstitalet 
Type: 2 Skoklemmer
Pris: 200 kroner + frakt (14 kroner)

SOLGT



--------------------------------------------------------------------------------------------------------

Namn: Papirblom & Xeranthemum annum
Om: sydd av eit vintagestoff frå oldemorkofferten
Type: 2 Skoklemmer
Pris: 200 kroner + frakt (14 kroner)



--------------------------------------------------------------------------------------------------------

Namn: Trillingblomst & Bougainviella
Om: sydd av eitt raudt vintagestoff frå mormors loft 
Type: 2 Skoklemmer
Pris: 200 kroner + frakt (14 kroner)

SOLGT



--------------------------------------------------------------------------------------------------------

Namn: Vassblink & Hottonia palustris
Om: sydd av eit vintagestoff frå oldemorkofferten
Type: 2 Skoklemmer
Pris: 200 kroner + frakt (14 kroner)



--------------------------------------------------------------------------------------------------------

Namn: Ranunkel & Ranuculus
Om: sydd av eit babyrosa second-hand sengesett
Type: 2 Skoklemmer
Pris: 200 kroner + frakt (14 kroner)

SOLGT



---------------------------------------------------------------------------------------------------------

Namn: Persille & Petroselinum crispum
Om: sydd av eit grønt vintage paisleystoff 
Type: 2 Skoklemmer
Pris: 200 kroner + frakt (14 kroner)

SOLGT



---------------------------------------------------------------------------------------------------------
Namn: Solportulakk & Portulaca grandiflora
Om: sydd av eit vintagestoff frå oldemorkofferten 
Type: 2 Skoklemmer
Pris: 200 kroner + frakt (14 kroner)



--------------------------------------------------------------------------------------------------------

Namn: Tidløs & Colchicum autumnale
Om: sydd av eit lilla vintagestoff med kvite prikkar frå oldemorkofferten
Type: 2 Skoklemmer
Pris: 200 kroner + frakt (14 kroner)

SOLGT



-------------------------------------------------------------------------------------------------------

Namn: Ixora & Ixora
Om: sydd av eit vintage prikkestoff
Type: 2 Skoklemmer
Pris: 200 kroner + frakt (14 kroner)

SOLGT




Lukta av varmt gras og blomesex

 Å stå opp for å sove ein heil dag i parken. Kaste pinnar. Gå berrføtt. Forsvinne
litt frå verkelegheita. Ete brownies til frukost. Våkne opp til filminnspilling i
leiligheita. Vandre inn i ein potensiell ny leiligheit med hemmeleg dør i. Eg
forsvinn litt. Pugger store mengder blomesex og utvikling. På grunn av ein
skulefeil tar eg eitt årsfag på 3 veker. Ekstremt og fabelaktig samtidig. Den
fyrste veka er over, og om to veker sumarferie igjen, eg, som eigentleg fekk
sumarferie i påskeferien.

PS! Skosløyfekjærlek kjem for salg klokka 20.00 i kveld, hurra!
(ein kan sniktitte på dei i facebook-gruppa om ein vil)



                                                                                                                                        Foto: Thea

Mellom ukontrollerte møll og engkarse

Dei er eitt lite håp om evigvarande seinvår, sko-Sløyfekjærleik. Om evigvarande 
varme dagar uten bekymringar, dei dagane du ikkje skal eller må noko lengre.
Ei påminning om at verda ordnar seg, at dette er midlertidig, eitt ynskje om den
vakre verkelegheita, både med og uten smerte. Dei har eitt ynskje om å liggje
igjen i ei blomeeng mellom kvite ukontrollerte møll og vindsvaiande blomar
mens du forlet alle bekymringane dine, berrføtt.









11 par i regnbogens fargar kjem for salg tirsdag ettermiddag.

Freia Bakepulver



eitt stykke norsk kjøkkenkjærleik vart med heim frå Loppas Gjenbruk



med smilande femtitalshumor på, klar for glade kjøkkenhylledagar




Stockholm

Stockholm, den perfekte stad å reise når ein treng eitt lite pustehol i kvardagen.
Lett og rimeleg å reise til, billeg å leve, ete, bu, svenske ord som får deg til å
smile, moglegheitar til å gjere alt, eller berre ingenting, og ha dager ein berre
slappar av og er. Då eg var i Stockholm i mars var det akkurat difor eg var der,
for å slappe av. For å sleppe taket i alt som heiter kvardagen og berre vera litt,
og gjere nettopp alt og ingenting. Sitje på små hjørnecafèar, vandre i gater med
sjel i, smile til vintagekjolar og bli tatt med tilbake til barndomsverda mi. Om du
skal til Stockholm å gjere alt men ingenting, er det fire stader du verkeleg burde
oppleve.

Söder
Eg elskar Söder. Dei små, personlege cafèane, bortgjøymde vintagebutikkar,
kjellarar fylt opp til taket med snurra vinyl, kunstbokbutikkar som har bevegelses-
postkort med trampolinehoppande elefantar og frittflygande ballongar, og stort
utvalg av bøker om fascinerande designarar og litt ukjente kunstnarar som ein
ellers ikkje får lett tak i. Å sitje på ein tynn trebenk og kjenne sola varme, bli
inspirert av forbipasserande menneske og høyre på den merkelege stillheita
som plutseleg eksisterer, midt i ein pulserande by. Vårens fyrste fuglekvitter. 



Beyond Retro
Favoritt-second-hand-kjeden min frå London har magisk nok 3 store butikkar i
Stockholm. Ein i Åsogatan 114 i Söder, ein i Drotninggatan 77 i sentrum og ein
på Zinken, i Brannkyrkagatan 82. Beyond Retro har alt, frå åttitals glittergensrar
i regnbogens fargar, sekstitalskjolar, nittitalsplaysuits, syttitals bohem, tyllskjørt,
clutchvesker, gjennomsiktig undertøy og pumps til ein rimeleg penge. Ein typisk
kjolepris ligg på rundt to hundre kroner. Om du berre skal innom ein ville eg har
prioritert Zinken, den ligg rett på hjørnet ved metrostoppet Zinkendamm.



Kulturhuset
Å setje seg i tredje egtasje på ein fargerik stol mellom glade plantar, drikke
heimelaga lemonade til 15 kroner glaset med sjokoladekokosbollar til, sjå
finurlige utstillingar, smile til glade menneske, slappe av, og studere kunst-
bøkene på biblioteket. Det merkeleg lyse lyset inn gjennom glasvinduveggane,
dei bittesmå maurmenneska som passerer på sjakkruteplassen langt der
nede og eitt glas lemonade til tusentakk.

Junibacken
Heimen til barndomsverda mi, med Albert Åberg, Mummi, Pippi, Brødrene
Løvehjerte, Emil, og Gubben og Katten i. Kjente barnebokfigurar der
forfattarane har hatt tilhørighet til Stockholm, med hovedfokus på Astrid
Lindgrens magiske verd. Eg, Thea og mange hyperaktive treåringar som
i ekstase spring, pressar oss inn lave dører, opp trange trepper og ut igjen
små vindauge. Når du tenkjer det ikkje kan bli betre kjem du til ein togtur
som tar pusten frå deg, Med Astrid Lindgrens stemme kviskrande i øyret
kjem du ut av mørkre og flygande inn to meter over blomstring i Kirsebær-
dalen i Nangijala. Junibacken ligg på idylliske Djurgården, og om du fyrst
tar turen ville eg tatt T-bana heile runden rundt for å sjå glitrande hav, søte
hus og parksida til Stockholm, og gått av ved Nordiska Museet og forbi
ballongtreet på vegen. 

 


Stockholm var verkeleg byen å reise til når ein trengte eitt pusterom frå
kvardagen. Ein by full av inntrykk og moglegheiter, men samtidig med
ein roleg atmosfære, veldig hyggelege og spanande mennesker, og
opplevingar som gjer at du føler deg levande i igjen. Når du treng ein bit
inspirasjon og livsglede igjen, men har studentøkonomi er Stockholm
akkurat langt nok vekk for å puste frå verda i nokre dagar.

---------------------------------------------------------------------------------------------------


Dette innlegget er skriven i samarbeid med samarbeidspartnaren min 
expedia.no, som er verdas største reisebyrå på nett. På expedia finn ein
enkelt rimelege flybilletter til Stockholm, pakkereiser og hotell i
Stockholm
.

 

Dei siste dagane

har eg og Thea vaska heile leiligheita. Moffa over gangen, panta alt som kan
pantast og resirkulert alt som kan resirkulerast, fargesortert vintagekjolar 
og hengt ut tepper på terassen



og plutseleg luktar heile verda vår og grønsåpe



hatt stille kveldar med engkarseplukking og engkarseengvassing



med ei vakker ei heim som for tida solbadar i vinduskarmen i Noraglaset mitt
frå femtitalet (og nett no har ho ein løvetann på besøk)



Bergensfest med Sufjan Stevens, Marina & the diamonds og Håkan Hellström.
Og ein dag med berre symaskinsumming, der stoffet til ein singlet kjøpt i New
York den gongen Spice Girls herja verda vart til ein bikinioverdel som gjer at
eg aldri meir skal irritere meg over spagettistroppskulderskille



tekstskriving, Capellotimar og sjokoladekjærleik



og å finne nye, vakre hus i Bergensgater. Om akkurat to månader bur eg ikkje i
det raudaste huset i verda i tulipangata lengre, og det er rart, verkeleg rart, men
kjempespanande å finne ein ny stad.



I dag vart det til ein heilt ny type Sløyfekjærleik. Nett no ligg det 11 par nyfødde
tvillingsløyfebabyar i regnbogens fargar og sprellar på skrivepulten min

Les mer i arkivet » August 2011 » Juli 2011 » Juni 2011
hits